Mat til verda
MED STAD SOM UTGANGSPUNKT
Linefiske er den mest miljøvenlege fiskemetoden. Skånsam behandling og kort prosess frå fiskefangst til innfrysing gir eit glimrande utgongspunkt for delikate matrettar og gode fiskemiddagar. Havfrossen fisk er fersk.
Ervik Havfiske er mellom dei framste når det gjeld miljø, kvalitet og leveringsdyktigheit. Vi tek vare på ressursane og verdiane – vi tek vare på lokalsamfunnet og folka.
Ervik Havfiske er eit av verdas leiande selskap når det gjelder Tannfiske i Sørishavet. Les meir om det spanande fiskeriet her.
Stadlandet er utgangspunktet, lokal tilhøyrsel og stoltheit er grunnpilarane i all vår verksemd. Ervik Havfiske ønsker å bidra til arbeidsplassar, lokal verdiskaping og til gode framtidsutsikter lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi er stolte av vårt opphav og vi ønsker å forvalte alle verdiar på ein skapande og god måte.
Ervik Havfiske Holding AS er morselskapet i Ervik Havfiske Gruppa. Verksemda utgjer samla Norges største linebåtreiarlag. Holdingselskapet er hovudeigar og koordinerer alle verksemdene og har overordna ansvar for selskapets driftsselskap og operative einingar. Gruppa er i dag engasjert i følgande